SETT AV EI AV DEI VAKRE SOMMARNETTENE TIL FAME

SFJUNG – ungdomsmusikal Sogn og Fjordane presenterer musikalen FAME! Vi er tilbake på 80 talet med spenning, håp, hardt arbeid, og sjølvsagt kjærleik.

Mange rundt om i Norge har musikal som ungdomsprosjekt – men vi gjer det på vår måte. Vi samlar profesjonelle og amatørar i og frå heile fylket til ein stor ”happening” annankvart år. Vi tek med oss gode kritikkar frå tidlegare forestilligar som Jesus Christ Superstar og West Side Story.

Musikalen FAME har dans som hovudelement og vart valt med tanke på det fantastiske dansemiljøet som har utvikla seg i fylket.

Dei 6 forstillingane vert sett opp i alle regionar i fylke – ute – frå kl 23.00 på kveld/natt. Å utnytte lyset og stemninga som ein får til ute ei sommarnatt har vore vårt varemerke.

Få med deg dei siste førebuingane på Twitter og Facebook og pass på å sikre deg ein billett på Billettservice eller hos den lokale forhandlaren!